torsdag 21. mars 2013

Mikromennesker

Hei! I dag har me drevet og lagt mikromennekser i photoshop. dette var kjempe kjekt, og virkelig noko eg kommer til å gjere fleire gongar! Eg skal skrive litt om korleis ein gjer det. 

Ok, så det første du gjer er å ta minst to bilder, ein av bakgrunnen, her under ei kran, og eit av personen som skal bli liten. Du legger så inn bakgrunnen og personbildet inn i photoshop, då i to vindu. På bildet av personen bruker du Quick Selection Tool til å klippe ut personen frå bakgrunnen på det bildet. Når du er fornøyd, og har fått med deg alt kan du smoothe ut kantene med funksjonen Refine Mask. Deretter kopierer du ut personen og limer den inn i bakgrunnbildet. Så, for å endre størrelse på personen trykker du på Free Transform. Du kan speilvende, dra og sjølvsagt minske. Det er det eg har gjort. 
Ofte brukte eg visken (Eraser) til å tilpasse hendene og beina rundt f.eks kranen. Du kan også endre på fargene på personene slik at det blir meir likt bakgrunnen. 




torsdag 14. mars 2013

Favoritt bilde

Her er det bildet eg er mest fornøyd med av alle eg har tatt i vår.


Eg likte dette bildet for det minnet meg litt om slike retro bilder. Og så minnet det meg om sommer, og eg elsker sol bilder. Dei kvite bladene på den vissne planten lagde stor kontrast til den mørke muren bak. Eg har skrevet ein litt meir utdypende tekst om bildet i innlegget under.

Fem kategorier

Her kommer ti bilder som eg har tatt i løpet av desse fototimane. Eg har delt dei inn i fem kategorier:
Vatn, Blender/ lukker, Komposisjon, Lys og Reise.

1) Vatn

Ideen med vatn og is i same bilde kom til meg når eg såg kor fine isfasonger det var i bekken utanfor huset mitt. Komposisjonen har is forann i ein slags trekanta form. Det er fin kontrast mellom lyset som reflekteres i isen og den harde steinen bak, det same gjelder kontrasten mellom dei runde formene på isen og den harde flate steinen. Eg valgte å lage det svart kvitt i photoshop, siden det gjorde bildet endå meir inntresangt. Under er orginalbildet.

Fotoapperatet eg har brukt er bare eit vanlig kompaktkamera. Eg har brukt auto på lukker og blender. 
Det eg har lært av dette er at det går ann å få nokså fine bilder med uavansert kamera også, og det blir enda bedre med hjelp av photoshop. 

2) Vatn

Eg ville prøve å fange vantdråpene i blomsten. Ved å fokusere i midten av den klarte eg å få nokon klare. Eg likte det at det var ein blanding av skarphet og utdusing. Dette gjorde at nokon av dråpene stakk meir fram og langde ein kontrast i bildet. Her er det også brukt kompaktkamera. Dei kvite "pollen utstikkerne" er innteressepunktet, men siden dei er uklare fester blikket seg på dei klare dråpene etterkvert. 

3) Reise

Eg synest det alltid er så stiligt med slike sollys bilder, og tenkte det ville bli kult med bakken så nærme. Eg likte svært godt at asfalten fikk ein glitter effekt av sollyset som skinner på den. Synest også det var inntresangt med at bakken i midten kom i fokus, og fekk ein blå lilla farge. Dette er også tatt med eit kompaktkamera, og fekk bittelitt ekstra kontrast for å sprite opp bildet. Nok ein gong ser eg at bilder kan bli bra med kompaktkamera. 

4) Lys

Eg likte det at den eine siden av treet var grønt og frodig mens den andre siden var kald og ulivlig. Dette skapt av det skarpe sollyset. Kraftig kontrast mellon lys og mørk. Heile treet er skarpt, og sjølv om ikkje bakgrunnen viser så mykje kan ein sjå at det er duset. Dermed er det ein liten kontrast der. Det er brukt vanlig kompaktkamera. Det er også kontrast mellom den mjuke mosen og den harde barken. Det gir spenning i bildet. 

5) Lys

Eg likte måten sollyset lyste igjennom hekken og dei kontrastene mellom det heilt lyse og dei mørke greinene.
Greinene går skrått opp mot høyre, noko som skaper bevegelse i bildet. Det at det er ein blanding mellom skarphet og utdoset gjør det heile meir spennande, og det gjør at bildet ikkje blir så kjedelig. Her har eg og brukt kompaktkamera.

6) Lys

Eg er ein fan av naturbilder, og nærbilder av blomster, gress og mose er noko eg synest er finest. Derfor ville eg prøve å fange lyset på bakken med mosen. Bildet inneholder kontraster mellom mørkt og lyst og den hårete mosen og dei lange og stive grasstråene. Nok ein gong er det brukt kompaktkamera. 

7) Blender

Her ville eg duse ut bøkene lengre vekke og brukte derfor stor blenderåpning (du kan se eget innlegg om blender lengre nede på bloggen). den gule boka skaper oppmerksomheit, og ettersom den er skarp blir det enkelt å la øye kvile på objektet. Her er det brukt speilreflekskamera. Ved å ta dette bildet lærte eg meg korleis blender funskjonen på kameraet fungerte. Lyset er mjukt. 

8) Lukker
For å få jenta til å stå heilt i ro i lufta og framleis være klar bruker du lukker funskjonen på kameraet. Då brukte eg kort lukkertid. Eg har også skrevet eit innlegg om lukkertid lengre med på bloggen. Bildet er tatt med speilreflekskamera. Som du ser var det naturlig skarpt sollys som eg tok bildet i. Av dette bildet lærte eg  å bruke lukkertid. 

9) Komposisjon

Som sagt før er eg veldig glad i sollys, og tenkte det ville bli ein kul effekt å få sollyset gjennom "pengeplanten". Det blei ganske stilig synest eg, og fargene gjenerellt i bildet blei ganske så fine. Det at dei to veiene svinger rundt føler eg også gir ein spennende effekt. Liker det at bakgrunnen blir duset mens planten og deler av bakken står i fokus og blir skarpt. Fotoapperater som er brukt er kompaktkamera.

10) Komposisjon
Her er nok eit sollys bilde, og dette synest eg fekk stilige kontraster i lyset på mosen. Blandingen av skarphet og utdusing gjør bildet meir behagelig og lager rolige bevegelser i bildet. det at det er mørkt i bakgrunnen skaper ein stor kontrast til sollyset som kommer fram. Det er brukt kompaktkamera her også. Det er både horisontale og vertikale linjer.