torsdag 4. april 2013

Bruk av reflektor

Nå har me vert ute i sola og knipsa eit par bilder. Me har fokus på portrett og skulle ta bilder med reflektor.
Vitsen med reflektor er at den skal lyse opp i skygger, her då i ansiktet. Det var forskjellige trekk som en kunne bruke, gull, sølv, transparang, kvit og svart.
Den sølv og den kvite
gir eit kaldt lys, mens den gull gir ein gyllen glød, lik solnedgang.

Me tok mest bilder med gullreflektoren og den transparange, siden me ikkje hadde alle dei forskjellige trekkene. Den gull ute i sterkt sollys gjør vondt i øynene! Så nå er du advart.
Bildene tok me i sola, slik at det blei eit veldig skarpt lys. For å få vekk litt av lyset, kunne me brukt det svarte trekket.


På bildet over er det brukt gullreflektor. Jenta får eit gyllent preg. Hadde me ikkje brukt ein reflektor her ville det vert mykje meir skygge og mørke felt på venste side av ansiktet.



Her brukte me transparangreflektoren for å dempe lyset. Det ser ut som om ho står i skyggen av noko ettersom bakgrunnen er nokså lyst opp av sola.
























Og slik ser altså ein reflektor ut. Dette er den transparange.


Her er det også blitt brukt gullreflektor.