Viser innlegg med etiketten lys. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lys. Vis alle innlegg

torsdag 4. april 2013

Bruk av reflektor

Nå har me vert ute i sola og knipsa eit par bilder. Me har fokus på portrett og skulle ta bilder med reflektor.
Vitsen med reflektor er at den skal lyse opp i skygger, her då i ansiktet. Det var forskjellige trekk som en kunne bruke, gull, sølv, transparang, kvit og svart.
Den sølv og den kvite
gir eit kaldt lys, mens den gull gir ein gyllen glød, lik solnedgang.

Me tok mest bilder med gullreflektoren og den transparange, siden me ikkje hadde alle dei forskjellige trekkene. Den gull ute i sterkt sollys gjør vondt i øynene! Så nå er du advart.
Bildene tok me i sola, slik at det blei eit veldig skarpt lys. For å få vekk litt av lyset, kunne me brukt det svarte trekket.


På bildet over er det brukt gullreflektor. Jenta får eit gyllent preg. Hadde me ikkje brukt ein reflektor her ville det vert mykje meir skygge og mørke felt på venste side av ansiktet.



Her brukte me transparangreflektoren for å dempe lyset. Det ser ut som om ho står i skyggen av noko ettersom bakgrunnen er nokså lyst opp av sola.
























Og slik ser altså ein reflektor ut. Dette er den transparange.


Her er det også blitt brukt gullreflektor. 

torsdag 14. mars 2013

Favoritt bilde

Her er det bildet eg er mest fornøyd med av alle eg har tatt i vår.


Eg likte dette bildet for det minnet meg litt om slike retro bilder. Og så minnet det meg om sommer, og eg elsker sol bilder. Dei kvite bladene på den vissne planten lagde stor kontrast til den mørke muren bak. Eg har skrevet ein litt meir utdypende tekst om bildet i innlegget under.

Fem kategorier

Her kommer ti bilder som eg har tatt i løpet av desse fototimane. Eg har delt dei inn i fem kategorier:
Vatn, Blender/ lukker, Komposisjon, Lys og Reise.

1) Vatn

Ideen med vatn og is i same bilde kom til meg når eg såg kor fine isfasonger det var i bekken utanfor huset mitt. Komposisjonen har is forann i ein slags trekanta form. Det er fin kontrast mellom lyset som reflekteres i isen og den harde steinen bak, det same gjelder kontrasten mellom dei runde formene på isen og den harde flate steinen. Eg valgte å lage det svart kvitt i photoshop, siden det gjorde bildet endå meir inntresangt. Under er orginalbildet.

Fotoapperatet eg har brukt er bare eit vanlig kompaktkamera. Eg har brukt auto på lukker og blender. 
Det eg har lært av dette er at det går ann å få nokså fine bilder med uavansert kamera også, og det blir enda bedre med hjelp av photoshop. 

2) Vatn

Eg ville prøve å fange vantdråpene i blomsten. Ved å fokusere i midten av den klarte eg å få nokon klare. Eg likte det at det var ein blanding av skarphet og utdusing. Dette gjorde at nokon av dråpene stakk meir fram og langde ein kontrast i bildet. Her er det også brukt kompaktkamera. Dei kvite "pollen utstikkerne" er innteressepunktet, men siden dei er uklare fester blikket seg på dei klare dråpene etterkvert. 

3) Reise

Eg synest det alltid er så stiligt med slike sollys bilder, og tenkte det ville bli kult med bakken så nærme. Eg likte svært godt at asfalten fikk ein glitter effekt av sollyset som skinner på den. Synest også det var inntresangt med at bakken i midten kom i fokus, og fekk ein blå lilla farge. Dette er også tatt med eit kompaktkamera, og fekk bittelitt ekstra kontrast for å sprite opp bildet. Nok ein gong ser eg at bilder kan bli bra med kompaktkamera. 

4) Lys

Eg likte det at den eine siden av treet var grønt og frodig mens den andre siden var kald og ulivlig. Dette skapt av det skarpe sollyset. Kraftig kontrast mellon lys og mørk. Heile treet er skarpt, og sjølv om ikkje bakgrunnen viser så mykje kan ein sjå at det er duset. Dermed er det ein liten kontrast der. Det er brukt vanlig kompaktkamera. Det er også kontrast mellom den mjuke mosen og den harde barken. Det gir spenning i bildet. 

5) Lys

Eg likte måten sollyset lyste igjennom hekken og dei kontrastene mellom det heilt lyse og dei mørke greinene.
Greinene går skrått opp mot høyre, noko som skaper bevegelse i bildet. Det at det er ein blanding mellom skarphet og utdoset gjør det heile meir spennande, og det gjør at bildet ikkje blir så kjedelig. Her har eg og brukt kompaktkamera.

6) Lys

Eg er ein fan av naturbilder, og nærbilder av blomster, gress og mose er noko eg synest er finest. Derfor ville eg prøve å fange lyset på bakken med mosen. Bildet inneholder kontraster mellom mørkt og lyst og den hårete mosen og dei lange og stive grasstråene. Nok ein gong er det brukt kompaktkamera. 

7) Blender

Her ville eg duse ut bøkene lengre vekke og brukte derfor stor blenderåpning (du kan se eget innlegg om blender lengre nede på bloggen). den gule boka skaper oppmerksomheit, og ettersom den er skarp blir det enkelt å la øye kvile på objektet. Her er det brukt speilreflekskamera. Ved å ta dette bildet lærte eg meg korleis blender funskjonen på kameraet fungerte. Lyset er mjukt. 

8) Lukker
For å få jenta til å stå heilt i ro i lufta og framleis være klar bruker du lukker funskjonen på kameraet. Då brukte eg kort lukkertid. Eg har også skrevet eit innlegg om lukkertid lengre med på bloggen. Bildet er tatt med speilreflekskamera. Som du ser var det naturlig skarpt sollys som eg tok bildet i. Av dette bildet lærte eg  å bruke lukkertid. 

9) Komposisjon

Som sagt før er eg veldig glad i sollys, og tenkte det ville bli ein kul effekt å få sollyset gjennom "pengeplanten". Det blei ganske stilig synest eg, og fargene gjenerellt i bildet blei ganske så fine. Det at dei to veiene svinger rundt føler eg også gir ein spennende effekt. Liker det at bakgrunnen blir duset mens planten og deler av bakken står i fokus og blir skarpt. Fotoapperater som er brukt er kompaktkamera.

10) Komposisjon
Her er nok eit sollys bilde, og dette synest eg fekk stilige kontraster i lyset på mosen. Blandingen av skarphet og utdusing gjør bildet meir behagelig og lager rolige bevegelser i bildet. det at det er mørkt i bakgrunnen skaper ein stor kontrast til sollyset som kommer fram. Det er brukt kompaktkamera her også. Det er både horisontale og vertikale linjer.



torsdag 31. januar 2013

Eksponeringsregulator

Nå har me tatt bilde med motlys. Me skulle bruke eksponeringsregulatoren på kameraet, for å få objektet forann i bilde lyst, eller for å fokusere på bakgrunnen og då få objektet forann heilt mørkt. Som du ser har me tatt bilde mot eit vindu, for å få eit godt motlys.

Her er det brukt 0 på eksponeringsregulatoren. Bakgrunnen kom fint fram, og tydelige detaljer, mens Sunniva blei nokså mørk, meir som ein silluett.


Nå hadde vi eksponeringsregulatoren på 3, og her blir ho lys og klar. Bakgrunnen er heilt kvit og utydelig. Altså, det mørke (i forrige bilde) blir normalt, mens det lyse (bakgrunnen) blir heilt ødelagt.


Igjen er det brukt 0, og Sunniva blei mørk.


Og her har ho fått farge med eksponeringsregulator på 3.

ISO


I dag har me vert ute og tatt nokre bilder med forskjellig ISO.
ISO er en funksjon på kameraet som gjør at vi kan ta lyse bilder i eit mørkt rom. Jo høgare ISO jo lysare bilde, men då blir det og meir ”prikkete” og har dårligere kvalitet. 

Øverst her har eg brukt ISO 6400. Som du ser blei det lyst og fint. Det var igrunnen nokså mørkt der me tok bildet, men ved hjelp av ISO funksjonen blei bildene lyse og lette. 


Her er det brukt ISO 3200. Det er mørkere enn det første og siste. Håret blei litt lyst opp av sollyset (sjølv om det ikkje skein direkte på ho). 



Her er det brukt ISO 6400. alt blir lysare. Kvaliteten blir jo verre enn om me hadde hatt kameraet på AUTO, men eg vil sei det er verdt det, om ein vil ha lyse og "lettare" bilder. 

søndag 27. januar 2013

Paraply Komposisjon


Her kommer nokon bilder som skal handle om komposisjon.
Bildene skulle innehalde kontrast, bevegelse, rytme, interessepunkt og balanse.



Paraplyen sitter her i det gylne snitt. Den får lyset frå sola på seg, i motsetning til buskane framfor, noko som gjer at paraplyen kjem godt fram, trass i den nokså mørke fargen. Det er interessepunktet, etter min meining. Platene framme i bildet dannar ein pil nedover under paraplyen, og eg synest det skapte bevegelse i bildet. Buskene skaper rytmen, ved å gjengi seg sjølv fleire plassar. Det har lys- mørk, stor- liten og organisk- mekanisk kontraster. 



Her klarte eg å bomme på horisonten når eg i all hast skulle knipse mens paraplyen endå var i lufta. I grunnen synest eg det var noko inntresangt med dette bildet, og eg fant virkelig potensiale i det når eg kjøte litt ekstra kontrast på det. 




Sånn her blei det. Veldig mørkt, men likte svært godt sola og den blåe himmelen som blei kontrasten til alt det svarte. Paraplyen i sin ”fart” laga ein fin bevegelse i bildet, og balanse til den ellers flate himmelen.

                                     
Og siden kameraet mitt ikkje hadde meir batteri blei det med dei bildene.  


torsdag 17. januar 2013

 Her tok me bilde ut eit vindu på skulen. Me brukte speilreflekskamera og prøvde ut ein del funksjoner på kameraet. Det øverste bilde synest eg fekk fine linjer, og bygningen som reflekterer i vinduet på høyre side var spennende. det hadde også ein del kontraster.


Her liker eg veldig godt fokuset på dei harde strengene. Det er mørke og lyse farger sammen med den blåe himmelen passet fint sammen. Vinduet i bygningen bak reflekterer også eit
anna bygg, med runde former. Det ga litt kontraster i formene.